Nyhetsfeed

Soulfly: Hardt, rett fram og fengjande.

Max Cavalera er aktuell med nok eit Soulfly-album, og dette let da rett så frekt!

Dersom eg må oppsummere “Archangel” med tre (ok, fire) ord, ville eg valt; hardt, rett fram og fengjande. Som lyttar får vi servert litt over 36 minutt med hard, konsis, skiten Cavalera-metall. Riffa er enkle og primitive, samstundes som dei fengjer og lokkar fram både dansefoten og slengnakken. Max er ein av dei som verkeleg har signatur i riffa og låtskrivinga si, og det er mykje her som både kunne vore på ei gamal Sepultura-skive, så vel som på eit Cavalera Conspiracy-album. Jauda, han repeterer seg sjølv, men han får likevel tvilen til gode, for det er dette han kan best. Og han leverer ganske så bra.

Det opnar solid med den enkle, litt thrasha We sold our souls to metal (småkvalm tittel, men lat gå) som fengjer umiddelbart. Neste ut er tittelsongen som er noko anonym, men likevel ein ok låt. Så kjem Sodomites, ein god låt som det verkeleg luktar Sepultura av. Av andre songar som er verdt å nemne, har vi Life is hard med sitt fantastiske slutt-riff, episke Betlehem’s blood, feite Titans og riffete Deciever.

Plateomslaget, laga av Eliran Kantor, er fantastisk! Eit skikkeleg godt og episk handverk, som er med på å heve heilskapen til “Archangel”.

Ulempa med albumet er at ein går alt for fort lei. Det er kjempeenkelt å setja seg inn i albumet, for det fengjer lyttaren med ein gong. Baksida, derimot, er at ein går like fort lei. Eg sit igjen med kjensla av at “Archangel” er eit solid og godt album, men etter 10-15 rundar får eg ikkje særleg lyst til å setja det på igjen heller. Det er litt som med Motörhead; det er bra og fengjande, men ein går litt lei etter nokre gjennomhøyringar. Likevel – dette er songar som verkeleg kjem til å gjere seg på ei scene, og eg plukkar garantert opp igjen “Archangel” i forkant av neste Soulfly-konsert.

Lenkar:
Soulfly
Nuclear Blast

Om Bjarte (9 Artikler)
Høyrer på god musikk og er busett i Oslo.

Skriv en kommentar

Din email adresse vil ikke bli vist offentlig.


*