Nyhetsfeed

Soulflys Max Cavalera om det nye albumet, fortid og notid.

Det var ikkje ein reint lite nervøs undertegna som skulle ringe til sjølvaste Max Cavalera (Soulfly, ex-Sepultura) for eit intervju ein sein augustkveld.  Eg slår nummeret på avtalt tidspunkt, og det ringer. Tida står stille ei lita stund, før det blir lagt på. Eg ringjer opp att, og det blir lagt på etter nokre ring. Der eg var nervøs tidlegare, blei eg mildt sagt stressa no. Eg dobbeltsjekkar telefonnummer og landskode, og prøver igjen. Etter å ha ringt i ein halvtime gjev eg opp. Heldigvis ordna redaktør Jon opp og fiksa ny intervjuavtale  allereie dagen etterpå, og då tok Max telefonen etter berre to ring. Nedanfor er resultatet av ein halvtimes jovial prat med den smått legendariske karen frå Brasil:

Hallo! Dette er Bjarte frå Permafrost.today som ringjer frå Noreg – korleis står det til med Max om dagen?

  • Hei! Berre bra, takk – enn med deg?

Jau, takk, berre bra her òg. Gratulerer med nytt album ute, “Archangel”, som eg må seie smakte relativt bra i smakslaukane mine. Fortel: Kva er det aller, aller mest tilfredsstillande med å gje ut eit nytt album.

  • Det aller mest tilfredsstillande? Hmmm … vel, det er jo ei god kjensle i seg sjølv at plata faktisk er ute, men også det faktum at resultatet blei akkurat som førespegla – at albumet blei slik det var meint å vera, er også veldig tilfredsstillande. For ikkje å nemne alle dei gode tilbakemeldingane ein får, både frå lyttarar og frå omtalar. For meg er det veldig feitt og viktig å få attendemeldingar frå andre menneskje. – Max verkar allereie til å vere i eit godt og snakkesalig humør – herleg!

Dette er jo Soulfly sitt kortaste album til dags dato med sine 36 ½ minutt. Var dette planlagt, eller «blei det berre slik»?

  • Det berre blei slik. Det er ikkje slik at eg bestemmer på førehand kor lenge eit album skal vare, eller at eg lagar korte songar med vilje. No blei det berre slik av ein eller annan grunn; for meg er uansett innhaldet det viktigaste, uavhengig av lengda. I mine øyrer lét “Archangel” veldig kraftfullt, og eg trur det er betre at albumet er kort og bra, heller enn langt og kjedleg. Albumet lét akkurat slik eg ville det skulle låte.

Det er vel ikkje utan grunn at vi har ordtaket; det er betre med kvalitet, enn kvantitet?

  • Heilt klart! Det var også intensjonen når eg lagde låtane; at dei skulle vera kraftfulle med fokus på kvalitet. Eg unngjekk å repetere riff i det uendelege, og då får ein automatisk kutta bort ein del daudkjøt frå songane. Du veit, dei tidlege albuma til Sepultura var òg korte, slik som legendariske “Arise”, som har 10 songar og tikkar inn på rundt 40 min. I tillegg trur eg at menneska i dag er mykje travlare enn før, og at dersom dei høyrer på eit kort album, kontra eit langt, så er sjansa mykje større for at dei faktisk vil høyre gjennom plata frå start til slutt. Når dei er ferdige med siste låten, så trur eg dei framleis er musikksvoltne og vil ha meir – at dei vil høyre albumet på ny.
    – Ein kan nesten samanlikne det med ein konsert; når du er ferdig med å spele, og publikum vil ha meir, då veit du at konserten var bra og at dei vil kome neste gong du spelar konsert.

Det du nemner var akkurat det som slo meg etter fyrste gjennomhøyring; eg ville ha meir! Så eg berre snurra “Archangel” ein gong til.

  • Herleg!

Fortel om prosessen når du komponerer musikk.

  • Måten eg lagar songar på har eigentleg ikkje forandra seg noko særleg. Eg startar ofte med eit riff, fordi eit skikkeleg bra riff alltid er eit godt utgangspunkt til ein feit song. På mange av songane i “Archangel” hadde eg berre opningsriffet klart, slik som i Betlehem’s Blood, og så jamma vi resten fram i studio, mens andre songar var heilt ferdige før vi gjekk inn i studio. Archangel og Sodomites var heilt klare før studiobesøket.

Du har gått attende til eit meir skitent og, tørr eg seie, primitivt sound denne gongen. Om ein ser attende på for eksempel “Enslaved”, så er jo soundet i dag mindre ekstremt og polert. Stemmer dette, eller er eg heilt på jordet?

  • Ja, heilt klart. “Archangel” reflekterer meir kva type musikk eg høyrer på i dagleglivet, som er dødsmetall og svartmetall, for ikkje å snakke om grindcore (her han da meine “Enslaved”, og ikkje “Archangel”. Viss ikkje, har eg og Max to heilt forskjellig oppfatningar av kva ekstremt er).
  • Mange av riffa eg lagar kunne like gjerne vore på eit dødsmetall-album, men samstundes så er ikkje Soulfly eit dødsmetall-band.

 Soulfly hellar kanskje meir mot groove metal?

  • Ja! Eg har alltid vore oppteken av groove, kanskje fordi eg er brasiliansk. Det er mykje groove i brasiliansk musikk, og det er noko eg meiner høyrer saman med metal. Dersom du høyrer gamal Pantera, Sepultura … ja, til og med Slayer, så høyrer du mykje bra groove i musikken. For meg er groove alfa omega i metal!

Skjønar. Groove er viktig! – Men, la oss gå attende åt “Archangel”; fortel om korleis det var å arbeide med produsent Matt Hyde (Slayer, Monster Magnet, Fu Manchu m.m.).

  • Det var heil fantastisk! I tillegg til at han er ein kjernekar, så var han den perfekte produsenten for “Archangel”. Når eg fortalte han albumtittelen og namnet på nokre av låtane, slik som Sodomites og Betlehem’s Blood, så kicka han fullstendig på konseptet og var veldig, veldig fokusert og dedikert når han jobba med oss. Eksempelvis så brukte eg og Matt til saman fem helgar på å spele inn vokalen. Dette gjorde vi for å – på best mogleg måte – variere vokalen; du høyrer jo alt frå chant til den klassiske growl-vokalen på albumet. “Archangel” ville ikkje vore like bra utan Matt Hyde.

Så Matt er m.a.o. meir enn velkomen som produsent på neste album også?

  • Ja, altså, eg har i alle fall utruleg lyst til å jobbe med han igjen. Nå har ikkje Soulfly for vane å bruke produsentar fleire gonger, sidan eg likar å jobbe med forskjellige folk, men Matt er definitivt eit unntak i den regelen, og eg vil absolutt jobbe med han på neste album.
  • Greia med Matt, som tidlegare nemnt, er at han er dyktig og skikkeleg engasjert. Og det er ein kombo som smittar over på bandet og gjer eit produkt betre. For, du veit, hjå ein del produsentar er det å vera produsent berre «nok ein dag på jobben», og dei bryr seg eigentleg ikkje om det endelege resultatet til bandet. Slik var det for eksempel på dei tidlege Sepultura-albuma, “Morbid Visions” og “Schizofrenia”, og vi fekk fyrst ein skikkeleg produsent på “Beneath the Remains”, nemleg Scott Burns (Death, Atheist, Obituary m.m.).

Fortel om samarbeidet med Scott Burns.

  • Det var heilt fantastisk, mann! Du veit, Scott er jo eigentleg ein skikkeleg punkar. Han elskar punk-rock! Dødsmetall var på ingen måte det han høyrde mest på, og i ettertid er dette ganske morosamt, for Scott er jo kjent som tidenes mest legendariske dødsmetall-produsent. Det var jo band som Black Flag og Dead Kennedys han høyrte på i oppveksta, og at han digga punk var jo ein av faktorene som gjorde det interessant å arbeide med karen.
  • Etter at han jobba med oss (Sepultura), så ville alle ha han som produsent. Alle band som spelte dødsmetall reiste til Florida for å jobbe med han.

Så det var altså Sepultura som gjorde Scott Burns viden kjent som produsent, hehe?

  • Vel, hehe, kanskje ikkje Sepultura åleine, men eg trur nok at vi, saman med band som Obituary, og moglegvis Death, var ein kombo som gjorde at andre band, som Cannibal Corpse og Deicide, kom til Tampa for å bruke Scott Burns, og for å få den klassiske dødsmetall-produksjonen. Den litt skitne produksjonen. Alle ville jo ha soundet som vi og han skapte på “Beneath the Remains”, hehe.

Du nemnte Obituary. Eg har lese på Internett at plateomslaget dei har på “Cause of Death” eigentleg var meint til “Beneath the Remains”. Stemmer dette?

  • Ja, det stemmer. Kåveret til “Cause of Death” skulle eigentleg brukast på “Beneath the Remains”. Eg hugsar eg fann omslaget i ei Lovecraft-bok der Michael Whelan var illustratør. Eg kontakta Whelan, og han sendte litt forskjellige design direkte til Roadrunner Records. Og, sjølv om vi allereie hadde tinga på omslaget, så valte Roadrunner å bruke det til “Cause of Death” i staden for. No i ettertid, så likar eg artworken på “Beneath the Remains” best slik som den er, og eg ber ikkje noko nag til Roadrunner for dette i dag. Men det er klart; på den tida, når det skjedde, så blei eg ganske frustrert over at Roadrunner berre gav bort plateomslaget til Obituary, utan å ta seg bryet med å spørje oss. Det hadde forandra så mykje; om dei berre hadde spurt om det var OK. Men, du veit – dette er typisk «label-shit». Plateselskap gjer ofte slike ting; dei får noko frå eitt band, og gjev det plutseleg bort til alle andre band. Typisk «label-bullshit».

Dei tenkjer berre på seg sjølve?

  • Akkurat! Dei bryr seg ikkje. Det som er fokus hjå eit plateselskap er at det går bra for dei, og derfor hender det at dei utnyttar band og situasjonar for eiga vinning. Slik opplevde vi det (Sepultura) med denne “Beneath the Remains”-incidenten. Når eg i si tid endeleg fann kunsten til Whelan, så ville eg på ein måte at han skulle vere den faste kåver-designaren for oss. At han berre skulle vere vår. Og, du veit, ei stund så var han det. I metallverda var han jo assosiert med oss – han var på ein måte Sepulturas Derek Riggs. Eg vil og nemne at eg aldri var noko sur på Obituary for at dei brukte omslaget eg fann, på “Cause of Death”. Vi var gode vener og dei laga feit musikk! Eg var berre litt frustert over Roadrunner, men ikkje Obituary, og i dag er ikkje dette noko sak for meg i det heile teke.

Apropos plateomslag. Kåveret til “Archangel” er jo fantastisk.

  • Ja, heilt einig! – Eliran Kantor (Iced Earth, Testament, Atheist m.m.) må vere ein av dei beste omslagskunstnarane i dag. Han har jo laga haugevis med kolossale plateomslag tidlegare, men eg må seie at “Archangel” er noko av det betre han har gjort. Det er utruleg episk, samstundes som det er reint i kantane, og at det inneheld mykje feite detaljar, bl.a. ein del Soulfly-element, slik som våpenet engelen held. Eg trengte berre å snakke med han éin gong om korleis eg ville ha det, og han leverte varene, og vel så det. – Eg møtte han forresten i Berlin, etter ein konsert, og han er ein ung, super-hyggeleg kar frå Israel – Eg er viss på at eg kjem til å bruke han i framtida også.

Det som slår meg med plateomslaget, er kor viktig det faktisk er med eit skikkeleg kåver. Det er så viktig for heilskapen til eit album. For, vi er vel alle lei desse billege photoshop-omslaga som dominerer metallverda i dag, eller?

  • Heilt klart! Eg likar ikkje billege photoshop-omslag i det heile teke. Eg likar noko som skil seg ut og som har ein klassisk «look», men som samstundes ser friskt ut. Eg elskar gjennomført gode albumkåver, slik som for eksempel “Ride the Lightning” (Metallica). Poenget med eit plateomslag er at dei representerer soundet til bandet og albumet deira. Og eg føler i så måte at vi har truffe prikken over i-en med “Archangel”. Omslaget kler soundet vårt perfekt.

Max er heilt klart fornøgd med albumet, både med prosessen, det musikalske og det estetiske. Ingen tvil om det.

På dei to siste albuma har sonen din (Zyon) banka trommene, og, om eg har forstått det rett, så har nok ein son (Igor jr.) teke over på bass, etter at Tony Campos gjekk over til “Fear Factory”.

  • Igor jr. var berre session-bassist på Europa-turneen, mens i Amerika så hadde vi med bassisten frå Havoc (Mike Leon). Og slik som det ser ut per i dag, så trur eg at Mike kjem til å bli vår nye, faste bassist.

Så Soulfly kjem ikkje til å bli eit 100% familieband med det fyrste, altså?

  • Haha, nei – ikkje for augeblikket i alle fall. Vi gjorde Europa-turneen med ¾ Cavalera, og det var kult. Ungane fekk god og lærerik turneerfaring, og i det heile – vi kosa oss. Eg var jo litt bekymra på førehand for korleis Soulfly-fansen ville reagere på at det var så mange frå Cavalera i bandet, men det skulle vise seg å vere ugrunna. Du skjønar; greia er den, at dei (sønene) har sitt eige band, Lody Kong, og dei må få lov til å gå sine eigne vegar og skape eigne karrierar. Derfor huka vi inn Mike på bass no, fordi vi veit han vil bli verande i Soulfly, også i framtida.

Men Zyon blir verande som skinnpiskar?

  • Ja, i alle fall for augeblikket.

Det må vere ganske spesielt å turnere så mykje med sonen/sønene i bandet. Kva rolle har du eigentleg når dykk er på turne? Er du streng far, bandkompis, eller ein kombo av dei to?

  • Hmmm … det hellar nok mest mot å vere bandkompis når vi er på turne. Til og med i studio snakka eg og Zyon som om vi var heilt vanlege bandkompisar. Men, du veit, eg jo faren deira uansett korleis ein snur og vender på det, men så langt det let seg gjera, er eg bandkompis i bandsamanheng.

Bassisten Tony Campos (Fear Factory) slutta jo rett etter innspelinga av “Archangel”. Skilte de lag som vener, eller var det litt dramatikk i biletet?

  • Det var ikkje noko drama i det heile teke. Vi elskar karen, og det låg alltid i korta at han kom til å forlate oss ein dag fordi han spelar med forskjellige band. Det hendte jo at han ikkje kunne spele med oss fordi han spelte med Ministry, f.eks. Og ærleg tala, så veit eg ikkje om han kjem til å vere i Fear Factory særleg lenge heller, for han er ein kar som skiftar beite ganske ofte. Eg er veldig glad for at han hadde moglegheita til å legge bass på “Archangel” – han gjorde ein kanonjobb – og det faktum at vi skiltes som vener. Eg ynskjer han alt godt i framtida.

Er turnelivet noko du framleis set pris på, etter over tre tiår som musikar, eller er du ein av dei gamle grinebitarane som hatar å bruke tid på å reise så mykje?

  • Eg likar turnere, sjølv etter så mange år – eg gjer det! Eg elskar energien eg får frå publikum og eg kan ikkje vente med å reise ut på vegen med låtane frå “Archangel” i setlista. Du kan gle deg til vi legg ut på turne, for scenedekorasjonen no er utruleg feit. Vi skal få scena til å sjå ut som ei eldgamal kyrkje, og vi kjem til å by på spesialeffektar og greier. Eg kan love deg at det blir kult!

Kjem de innom Noreg på turneen?

  • Hmmm … no er jo ikkje alt klart enda, og eg har heller ikkje alle stadene vi skal spele i hovudet, men eg trur vi skal innom Noreg. Eg håpar det! Vi kjem til Europa vinteren 2016. Håpar eg ser deg der, om vi kjem til Noreg. (Det skal du ikkje sjå bort i frå).

Sei meg, vil vi nokon gong få eit nytt Nailbomb-album?

  • Hahaha – NEI!

Kvifor ikkje?

  • Ehhh … fordi vi drepte Nailbomb. Vi myrda bandet.

Kva genererer mest inntekt for Soulfly i desse dagar, er det albumsal eller merchandise og turnear?

  • Merchandise og turnear. Dessverre, hahaha.

Eg tenkjer det var noko anna på 80- og 90-talet?

  • Ja, ja – noko heilt anna! Da solgte vi (Sepultura) lassevis med album.

Beskriv deg sjøl med tre ord.

  • (Her tenkjer Max seg lenge om). Ehhh … gal (crazy), hmmm … åndeleg (spiritual) og hmmm … trufast (faithful).

Kva får deg til å le?

  • Ein skikkeleg god komedie. Eg elskar for eksempel filmar av Will Ferrell.

Kva gjer deg sint og irritert?

  • Folk som er sjalu og pratar skit. Rasistar. Ja, folk som generelt er rasshol, dei irriterer meg.

Øl, vatn eller vin?

  • For 8 år sidan ville eg nok svara vin. Eg var ein stor tilhengar av vin før, men eg har slutta heilt å drikke. Det er 8 år sidan sist eg rørte alkohol, så av dei svaralternativa må eg nok gå for vatn. Men, eg likar jo eigentleg ikkje vatn heller, hehe. Det går nok definitivt mest i Coca Cola her i garden.

Judas Priest eller Iron Maiden?

  • Judas Priest, utan tvil! For meg er dei meir metal enn ‘Maiden (høyr, høyr). Rob Halford er jo «Metal God», så det svarar jo seg sjølv, hehe.

Kva er di topp 5-liste over all-time favoritt-album?

  • Black Sabbath – “Sabotage”, Motorhead – “Ace of Spades”, Judas Priest – “Screaming for Vengeance”, Celtic Frost – “Morbid Tales” og Discharge – “Hear nothing say nothing see nothing”.

Til slutt: Kvifor bør folk kjøpe “Archangel”?

  • Because it fucking kicks ass, hahaha!

Lenker:

Soulfly
Nuclear Blast

 

 

 

 

 

Om Bjarte (9 Artikler)
Høyrer på god musikk og er busett i Oslo.

Skriv en kommentar

Din email adresse vil ikke bli vist offentlig.


*