Nyhetsfeed

Children of Bodom og Sylosis: Kraftpakke på Rockefeller

Foto: Arash Taheri

Rockefeller hadde gjevt besøk denne sundagskvelden i desember: Finsk og britisk metall stod på menyen, og med ein slik meny i ermet burde kvelden i Oslo si storstove verta ganske så triveleg. Lat oss sjå kva Sylosis og Children of Bodom hadde å by på:

Britiske Sylosis hadde æra av å varme opp eit glissent Rockefeller. Det var ikkje mange som hadde møtt opp tidleg for å få med seg britane, men heldigvis lagde dei få som var der godt med liv; Sylosis fekk både moshpit, headbanging og primalbrøl.

Gutane lirar av seg ei tight og velspelt krysning mellom heavy-thrash og ekstremmetal. Lyden er så som så på Rockefeller denne kvelden. Det er litt låg lyd, og i tillegg er sologitaren alt for langt bak i lydbiletet. Eksempelvis kjem ikkje godlåten «Empyreal» til sin fulle rett når tappe-sweepinga til Middelton druknar heilt i lydgrauten. Britane har ei framtoning på scena som kler bandet godt, og dei er flinke til å få med seg publikum.

Reint objektivt så er dette eigentleg ein ganske god konsert, men opplevinga mi blir aldri meir enn heilt ok. Og det er grunna eit veldig ujamnt låtutval. Dei har 3-4 gromlåtar i setlista, mens resten (dei spelte 10 låtar denne kvelden) ikkje heldt mål. Og det er faktisk litt ille at ein står og kjedar seg etter 4 låtar, trass i at bandet er tight og spelar bra.

Dette var den siste konserten deira på turneen med Children of Bodom, og tradisjon tru tok finnane eit skikkeleg farvel med supportbandet sitt. Enkelt og greit fjerna Henkka og Jaska 90% av symbalane til Ali, slik at han måtte gjennomføre 2/3 av siste låten med berre hihat og ride tilgjengeleg. Ikkje at det gjorde noko, sidan 90% av trommelyden ut av PA-en var stortromme, skarp og litt tammar. Ein morosam og uhøgtidleg slutt på konserten.

Det er lenge, lenge sidan eg såg CoB på ei scene sist gong, og det kjentes godt å skulle sjå dei att, etter 10-12 år. Rockefeller har fylt seg anstendig opp og det er heilt tydeleg at CoB framleis er populære i Noregs veldige rike. Scena er tøft dandert og lyshowet under introen lovar bra. Bandet går på scena og det er klart for konsert.

Lyden under opningslåta Are You Dead Yet? er heilt katastrofal. Null kraft. Null balanse. Berre ein syltynn graut. Trommene let krampeaktig plastikk og det heile er berre ei smørje. Det er så dårleg lyd at om ein ikkje kjenner låtane godt frå før, så er det umogleg å høyre kva låt som blir spelt. Lyden kjem seg etter kvart, men den blir aldri heilt optimal. Spesielt trommelyden er dårleg. Klikk utan punch frå basstrommene, ei dolokk-skarptromme, null detaljar frå overmikkane og ein høyrer omtrent ikkje anslaga når Jaska slår på tammane sine. Synd, for det er ikkje noko å seie på sjølve innsatsen.

Som sagt, så kom lyden seg etterkvart, og etter nokre låtar kunne ein stå og kose seg rett så mykje. Dei spelte låtar frå heile diskografien og vi fekk servert godbitar som Every Time I Die, Downfall, Bodom After Midnight og Angels Don’t Kill.  Heile bandet ser proffe ut, der spesielt Alexi skil seg ut i positiv forstand. Han har ei rå, rotekte rocka haldning på scena, der han lirar av seg soloar og fresar i mikrofonen. Resten av gjengen gjer også ein god jobb, trass i at Janne moglegvis har ein dagen-derpå. Det verkar i alle fall slik, for når han ikkje spelar ser det ut som han aller helst vil at konserten skal bli ferdig fortast mogleg.  Og apropos det: CoB spelte rause 75min. Dette er sjølvsagt eit definisjonsspørsmål, men eg meiner det er eit alt for kort headliner-sett. Dei burde ha spelt 3-4 låtar til. Kva med Bed Of Razors, eller eit par til frå debuten? Det er noko med når fans har betalt over 300kr for å sjå eit band, og så spelar dei berre 75 minutt.

Det negative blir uansett sekundært. Faktumet er at når godlåtane kom på rekke og rad, og stemninga var til å ta og føle på, så var dette totalt sett ei god konsertoppleving. Og når Ali (Sylosis) kjem opp under siste låt for å ta symbal-hevn på Jaska, så er trivselsfaktoren så høg som den kan bli ein sundagskveld. Perkele!

Lenker:
Children Of Bodom
Sylosis

Om Bjarte (9 Artikler)
Høyrer på god musikk og er busett i Oslo.

Skriv en kommentar

Din email adresse vil ikke bli vist offentlig.


*