Nyhetsfeed

Chaos Frame: Feit, progressiv US-metal.

Cahos Frame - Paths to Exile

Chaos Frame, frå Minnesota, skriv på fjesboka si at dei er både «progressive metal with balls» og «the finest in regressive metal». Det er litt merkeleg å beskrive seg sjølv med to såpass motstridane påstandar… Men, men – dei om det. Dei skal få tvilen til gode denne gong, sidan dei spelar så bra musikk.

Vi snakkar om tett, gitarorientert og solid US-metal i botn som er godt krydra med progressiv salt og pepar. Misforstå meg rett – bandet er på ingen på progressivt i ordets rette tyding, men musikken deira har ingrediensar av sjangeren progressiv metall.

Det musikalske fundamentet er (som nemnt) støypt i US-metal. Det vil seie feite riff, drivande trommer og god, kraftfull vokal som (heldigvis) ikkje er slitsam å høyre på i lengda. Musikken er i det heile utruleg velspelt og den held jamt over høg kvalitet. Dei minner meg tidvis om norske Trivial Act, noko ein høyrer godt både i enkelte parti og melodilinjer, og i vokalisten Dave Brown. Han er nemleg USA sitt svar på Kim Isaksen frå Trivial Act. Med andre ord ein suveren vokalist! Elles finn ein òg referansar frå band som Circus Maximus, Jag Panzer,  Queensrÿche og Pyramaze i musikken deira, for å nemne nokon.

Albumet blir promotert med at det inneheld element av ekstremmetall. Og, for å seie det med ein gong: Det er å ta vel hardt i. «Paths to Exile» har nokre få parti med trommeblasting, og rett nok så har albumet også eit par prosent med growl-vokal, men det er ikkje ekstremmetall sjølv om dei har lagt til desse ingrediensane. Blastinga og growlinga bidreg meir til ein fin variasjon i den musikalske reisa, heller enn at ein tenkjer: «Oi! – dette er ekstremmetall, jo. Fram med liksminka!»

«Paths to Exile» er eit godt handverk. Produksjonen er tett og feit, og låtmaterialet ber preg av høg kvalitet og at bandet spelar bra. Chaos Frame er kanskje ikkje spesielt originale i uttrykket sitt, og dei manglar rett nok x-faktoren, men dei leverer totalt sett eit knakandes bra album som eg har spelt mykje sidan det kom ut. Albumet kom ut allereie i september i fjor, og dersom du likar god US-metall/progmetall så vil du bli særs nøgd når du legg «Paths to Exile» i handlevogna di.

Lenker:
Facebook

Om Bjarte (9 Artikler)
Høyrer på god musikk og er busett i Oslo.

Skriv en kommentar

Din email adresse vil ikke bli vist offentlig.


*