Nyhetsfeed

Dream Theater: Intimkonsert

Dream Theater inviterte til intimkonsert i Oslo konserthus, der dei framførte konseptalbumet The Astonishing i si heilheit tre kveldar på rad. At fedrane innan progmetall leverar varene på det instrumentale plan, plar aldri vera noko å bekymre seg over, så spaningsmomentet var heller om musikken til deira nyaste verk har nok kvalitet i seg til å stå på eigne bein gjennom ein to og ein halv times konsert.  

Oslo konserthus er eit digg lokale å oppleve ein konsert i. Det er herleg å kunne sitja behageleg, scena er intim, akustikken er god og det kledde i aller høgaste grad Dream Theater  å spele her. Lyden der eg sat var ganske god og balansert. Det var godt med fylde og trøkk, utan at det blei for høgt for øyrene. LaBrie var rett nok litt langt framme i miksen, men det var ikkje verre enn at det gjekk an å leve med.

På det instrumentale plan leverte bandet – i mine øyre – feilfrie prestasjonar. Mike Mangini bak trommene spelar så teknisk og perfekt at det einaste som avslørar at han er eit menneskje, og ikkje ein robot (eller eit anna utanomjordisk vesen), er den enorme spelegleda som konstant strålar ut frå han, der han med tidenes største glis og tekniske overskot showar og leikar seg bak trommeriggen. Det er heller ingen tvil om at Mangini er den i bandet, i tillegg til Petrucci, som både viser mest speleglede og som har best kontakt med publikum gjennom konserten.

Jordan Rudess har sjølvsagt med seg sitt roterande keyboardstativ – med lekkert og futuristisk design for anledninga – som han ofte roterar slik at keyboardet er i ein vinkel som gjer at vi i salen kan sjå kva han spelar. Og det er heilt konge for musikknerdane (som det rett nok er mange av på ein DT-konsert), men samstundes gjer dette at vi ser mykje av ryggen til Rudess, og derfor ikkje får noko nærvær av han som musikar gjennom konserten.

Det var heller ingen overrasking at Myung trakterte bassen på kolossalt vis, der han med mindre engasjement og bevegelse enn ei saltstøtte, stirra uttrykkslaust inn i iPaden sin. Det har jo nesten blitt varemerket til Myung, denne “saltstøttestilen”. Petrucci på si side hadde eit einaste stort glis om munnen heile konserten gjennom, i alle fall som ein kunne skimte gjennom all hårveksta.

James LaBrie song betre enn eg har sett og høyrt han på årevis. Grunnen til dette er nok at låtane i The Astonishing ligg i eit toneleie som han verkeleg meistrar. Han song stort sett med god kontroll, og det var ikkje like slitsamt å høyre på han i kveld som det har vore ved tidlegare andledningar.
Ok, da – det hendte at han sang i kastrat-toneleiet, som vi alle veit at han ikkje meistrar, og som gjer at det han syng har total mangel på artikulasjon og er småpinleg å høyre på. Men heldigvis skjedde ikkje dette så ofte. Takk og lov! Då kan ein nesten tilgjeva at det såg ut som at han mislikte å stå på scena denne kvelden. Ja, det verka nesten som om at han ville gå og gøyme seg bort, at det var eit ork å ha konsert denne kvelden.
Han viste null speleglede (songglede?), han sprang av scena når han ikkje song, og sett bort frå enkelte kommentarar (slik som «Helloooo Ooooslooo» og liknande) så hadde han tilnærma lik null kontakt med publikum. Synd, for det dempa heilheitsopplevinga for min del. Og – eg skulle gjerne likt å veta kva som var innhaldet i termosen hans, for den sutta han panisk på ved kvar ledige anledning. Og dei var det ikkje få av.

Uansett: Det musikalske heldt skyhøgt nivå, og derfor er det på ein måte ganske enkelt å oppsummere denne kvelden. Kort sagt: Dream Theater framførte The Astonishing i Oslo konserthus. Jepp. Dei spelte gjennom det nyaste albumet deira frå start til slutt, fordelt på to akter med 20 min pause i mellom. Derfor kokar det rett og slett ned til kva relasjon du har til nysleppet deira. Elskar du albumet, så var nok dette ein kolossal konsert. Hatar du albumet, så skjønar eg ikkje kvifor du kjøpte billett. Tykte du at The Astonishing var midt på treet, men var nyfiken på om albumet i konsertform ville heve opplevinga eit par hakk, så var nok kvelden ein bølgedal mellom «gjesp» og «kult».

Eg høyrer til sistnemnte kategori. Eg er ikkje heilt frelst av The Astonishing, og eg hadde ein kveld som inneheldt mange «gjesp» og ein del feite høgdepunkt. For meg har albumet ei stor overvekt av kjedelege og intetsigande parti, og altfor få interessante parti som bind saman heilheita og balanserar verket. Det som var tøft denne kvelden var verkeleg tøft, medan det som var intetsigande (og som det dessverre var ei overvekt av) var eit einaste stort gjeeesp.

Elles hadde dei med seg eit godt ljosshow og nokre projektorsøyler som stod bak, på scena, og som gjennom konserten viste stemningsvideo til musikken. Desse videoane var stort sett av god kvalitet, og eg vil framheve dronevideoane. Dei funka veldig bra.

Totalt sett så var det ein triveleg kveld, men rett skal vera rett: Eg kjeda meg i store delar av konserten, og sjølv om eg var fullstendig klar over at det var The Atonishing eg skulle få servert, så viste det seg at materialet ikkje var godt nok til å stå på eigne bein gjennom ein heil konsert. På den andre sida: Det som var bra, var skikkeleg bra, og bandet leverte plettfrie prestasjonar på instrumenta sine. Men. Det eg kjem til å hugse best frå denne kvelden, det var å oppleve Dream Theater på så nært hald som det eg gjorde i Oslo konserthus. Intimt og trivleg.

Lenker:
Facebook

Om Bjarte (9 Artikler)
Høyrer på god musikk og er busett i Oslo.

Skriv en kommentar

Din email adresse vil ikke bli vist offentlig.


*