Nyhetsfeed

Amorphis: Fengjande!

Amorphis var på ein aldri så liten noregsturnè, der dei besøkte fire byar. Dette var ei flott moglegheit for fans rundt om i landet til å oppleve bandet live, og fyrste stopp på vegen var Vulkan Arena i Oslo. Lat oss sjå om finnane klarte å trekke Oslofolket ut frå hia sine denne dunkle onsdagskelden i mars.

Lokalet er om lag halvfullt når eg entrar Vulkan Arena. Omnium Gatherum er i gang med sin nest siste låt og stemninga i salen er ganske god, trass i at det er onsdag og glissent i salen. Det er heller ikkje meir enn halvfullt når Amorphis går på scena og fyrar i gang tittellåten frå sitt nyaste album, Under the Red Cloud, litt før kl. 22:00.

Sjølv om ein halvfull sal ikkje er optimalt, og i verste fall kan føre til underskot for arrangør, så meiner eg likevel at dette er eit ok publikumsoppmøte om ein tek alt i betraktning. Det er onsdag kveld, bandet spelar i Drammen dagen etterpå, og konserttilbodet i Oslo bognar så over at folk må vera selektive med kva dei skal gå på. På ei side litt trist at det berre var halvfullt, men samstundes kan ein ikkje forvente anna.

Amorphis bryr seg heldigvis ikkje om kor mange som var i salen og køyrer på med å levere ein ganske god konsert. Dei framstår som dei andre gongene eg har sett finnane i aksjon. Rutinerte og profesjonelle. Dei spelar bra og har god flyt, men dei er ikkje dei mest engasjerte musikarane. For all del – dei smilar og kosar seg, men om ein ser bort frå vokalist Joutsen, er resten ganske stilleståande og statiske, sjølv etter alle desse åra med live-erfaring.

Låtutvalet var bra. Fokuset låg naturlegvis på deira nyaste album, Under the Red Cloud, men elles var det ei god blanding av gamalt og nytt. Amorphis har jo funne ein slags suksessformel i låtskrivinga si, i alle fall etter at Joutsen kom med som ny vokalist, og dei har etter kvart ei imponerande liste med fengjande, gode låtar. Vi snakkar om lettfatteleg, tung og melodiøs metall som tidvis er ekstremt fengande. Låtane er stort sett godt arrangerte, og komboen mellom clean/death-vokal kler bandet godt.

Høgdepunkta for min eigen del var Into Hiding frå Tales From the Thousand Lakes. Du verda for ei tøff låt og så kult eit val å ha med i set-lista! Eg vil òg trekke fram Death of a King frå ny-plåta. Dette må vera den feitast låta dei har skreve på fleire år, og viser bandet frå ei lettare progressiv side.

Lydbildet var greitt. Trommene var litt lite definerte, bortsett frå skarptromma som skar godt gjennom. Vokalen låg fint i miksen, medan gitarane kom godt fram. Ljos-showet var bra, men nokon kan be ljosmannen om å kutte ut det epilepsiframkallande blå ljoset som blei eksponert for publikum i nokre av låtane. – Eg klagar sjeldan over ljos på konsertar, men dette var rett og slett ubehageleg å sjå på, og dempa opplevinga mi på dei låtane det gjaldt.

Totalt sett var det ein triveleg konsert. Amorphis leverte ein og ein halv time med fengjande hit-metall og vi som møtte opp kosa oss glugg.  Bra kveld!

Lenker:
Facebook

Om Bjarte (9 Artikler)
Høyrer på god musikk og er busett i Oslo.

Skriv en kommentar

Din email adresse vil ikke bli vist offentlig.


*