Nyhetsfeed

IQ: Seint, men godt på John Dee.

Ordtaket ”det er betre seint enn aldri” kunne ikkje passa betre enn det gjorde denne fredagskvelden (08.04) på John Dee. IQ feirar 35 år og vitja i den anledninga Noreg for fyrste gong – seint, men godt.

Det var tydeleg at mange hadde sett fram til britane sin noregsdebut, noko eit fullstappa John Dee vitna om – og det allereie før klokka ni om kvelden. Ein kan trygt seie at snittalderen var langt over førti, men noko anna hadde eg heller ikkje forventa når det var konsert med eit neoprog-band som starta i 1981.

Det var trongt om plassen, sveitt og intimt når IQ gjekk på scena. Godstemninga var til å ta og føle på. Det var heilt opplagt frå starten av, at det har vore eit stort sakn hjå mangt eit prog-hjarta å få sjå IQ på ei norsk scene. Det var stormande jubel frå fyrste sekund, og mellom kvar einaste låt. Når bandet spelte var låtane i fokus og folk stod i transe for å nyte musikken. Nicholls (vokal) prøvde rett nok å få til noko liv i låtane no og då, men det var nyttelaust å få nordmenna ut av transa.

Apropos Nicholls – karen var i storform denne kvelden. Alle som har høyrt IQ veit at han har ei nasal, småstiv og særeigen stemme, og på plate kan det virke som at Nicholls har noko begrensningar i stemmereportoaret sitt.
Live – i alle fall denne kvelden – kan du stryke ut ”begrensningar” og ”småstiv”, for han song med slik overtyding og stålkontroll at ein har ikkje anna val enn å ta av seg hatten. I tillegg er Nicholls ein tydeleg og klår frontfigur, og skil seg slik sett ganske mykje ut frå resten av bandet, der han med innleving og kirurgisk presisjon lagar dramatiske tablå som passar som hand i hanske med det som skjer i musikken.

Resten av bandet leverer også varene. Den heimkomne originalbassisten Tim Esau hadde stort sett kontroll på det han dreiv med (sett bort frå nokre få feiltonar), men gjorde ikkje mykje ut av seg på scena. Han såg litt trøytt og ufokusert ut når han spelte, men stundom kom det fram eit fornøgd smil. I rein utsjånad har han mykje til felles med etter/forgjengaren John Jowitt. Dei har omlag same høgde og kroppsbygning, og dei er begge skalla. Og så spelar begge bass. Jowitt har nok meir scenetekke og kontakt med publikum når han spelar konsert, men Esau får tvilen til gode – han gjorde jobben.

Hjå trommis Cookie (Paul Nigel Cook) sit alt i fingra, og delvis i handledda. Han er ein metronom og spelar bra og presist. Han er kanskje ikkje den største entertaineren bak trommene, men viser mykje speleglede og overskot. Den grøne Hawaii-skjorta kunne han godt ha lagt igjen heime, men – kvar sin smak.

Neil Durant spelte veldig bra, både på gamalt og nytt. Det var ikkje så mykje vi såg til han, der han sat og nerda seg bak alle synthane og keyboarda, men det som kom ut av PA-en let akkurat som det skulle: altså utruleg bra!

Michael Holmes (du veit, han som ser ut som ein reknskapsførar) på gitar spelte fantastisk bra. Det er ikkje alltid eg har sterke meiningar om ein gitarist, men Holmes – han spelar tidvis magisk. Det er noko med måten han byggjer opp soloane sine på, og kor smakfulle dei er. Reine, flytande, svevande, melodiske tonar som byggjer seg opp på fortreffeleg vis, og som gjev deg høgdepunkt på høgdepunkt i låtane. Soloen i Sacred Sound f.eks. – eit totalt gåsehudframbringjande parti. I staden for å kvile på hurtigheit og maskinell teknikk, spelar Holmes på stemninga i låten og tek seg tid til å byggje opp soloen til klimaks. Ein kan ikkje gjere anna enn å stå og nyte.

Kvelden gjennom hadde bandet fin kontakt med publikum, og viser mellom låtane at dei har klassisk, britisk humor. Nicholls var f.eks. vokalist ”one night only” under bandintroduksjonen. Ein frå crewet som måtte stille litt på ein videoprojektor blei introdusert som ”special guest”. Godt humør og god stemning!

Bandet opna med favorittlåten min, Sacred Sound, og eg stiller framleis spørsmål til at dei ikkje brukte originalintroen til låten. Dei nytta i staden ein annan konsertintro, og gjekk rett på orgelriffet til verset, noko som – i kombinasjon med litt dårleg lyd –  førte til at starten av Sacred Sound blei litt stakkato og … merkeleg. Heldigvis blei det brukbar lyd ganske fort, og bortsett frå at mellotronen låg alt for langt bak i lydbiletet, var eg ganske nøgd med både volum og lydbiletet denne kvelden.

Låtlista elles var henta frå heile diskografien (med Nicholls), med fokus på The Road of Bones, The Wake og Dark Matter. Personlege høgdepunkt var: Sacred Sound, Frequency, Born Brilliant, Outer Limits, From the outside in, Guiding Light og sjølvsagt Awake and Nervous.

Likevel var eg ikkje heilt einig med låutvalet. Kvar er It all stops here? Og kvifor velje den langtrekkelege The Narrow Margin når ein fyrst skal ha med ein låt frå Subterranea? I tillegg burde Harvest of Souls vore fast inventar i låtlista når IQ spelar konsert.

Heilheitsopplevinga mi denne kvelden var likevel utruleg bra. IQ leverte enkelt og greitt ein kanonkonsert. Dei som ikkje fekk kjøpt seg billett gjekk verkeleg glipp av noko stort denne kvelden. I tillegg veit du at du har vore på konsert med eit britisk neoprog-band når du får kjøpt kaffikopp med bandlogoen på (ja – eg kjøpte ein. Det er jo så greitt med litt påfyll av litt intelligens kvar morgon). Og så får vi håpe at det Nicholls sa på slutten av kvelden stemte – at dei kjem attende. Og da håpar vi på oppgradering til Rockefeller. Det fortener dei i alle fall!

Lenker:
Facebook

Om Bjarte (9 Artikler)
Høyrer på god musikk og er busett i Oslo.

Skriv en kommentar

Din email adresse vil ikke bli vist offentlig.


*