Nyhetsfeed

Fates Warning med nytt album!

Fates Warning - Theories of Flight

Jim Matheos og resten av gjengen er klare med sitt tolvte studioalbum, tre år etter det ganske så koselege «Darkness in a Different Light». Fans av Fates Warning veit kva dei får, Fates Warning veit kva fansen vil ha, og sant nok – det er ingen overraskingar her: Vi snakkar om eit trygt og godt Fates Warning-album. Er du fan, kan du kjøpe «Theories of Flight» uhøyrt.

Det luktar Jim Matheos lang veg når ein høyrer musikken, for det er fleire riff  her som er godt som identiske med tidlegare riff eg har høyrt, både i O.S.I, Fates Warning og Arch/Matheos. Dette høyrer vi godt i eksempelsvis From the Rooftops, The Ghosts of Home og The Light and Shade of Things.
Potensielt kan dette vere ein stor fordel, fordi då er det ein distinktiv identitet i musikken ein lagar, men samstundes kan for mykje gjenbruk føre til keisamheit og at musikken let platt og uinspirert. Det er ei fin balanse å halde, og trass i mykje gjenbruk, får Matheos og kompani tvilen til gode. Det er mykje tøft her, gjenbruk eller ei.

For dei som ikkje har noko relasjon til Fates Warning, så snakkar vi om moden, til dels melankolsk, låtbasert, velspelt og stemningsfull progressive metall. Det er tidvis teknisk musikk, men låten står alltid i sentrum, og det er ofte ganske så radiovenleg musikk, dette her. I alle fall i eit progmetall-perspektiv.
Refrenga er fengande og behagelege, låtane er nøye komponerte, og det er jamn kvalitet over heile fjøla. Jarzombek spelar smakfullt og med kirurgisk presisjon, Ray Alder syng fantastisk behageleg, medan Joey Vera og Matheos sjølv leverar gode prestasjonar båe to. Frank Aresti bidreg med eit par soloar, sjølv om han ikkje er rekna som eit «bandmedlem» lengre. Live-gitarist Michael Abdow får også kjekka seg med ein solo.

Det som slår meg, er at dette albumet er bra. Godt handverk! Det gjaldt forgjengaren og. Og albumet før der igjen (FWX). Ja – Fates Warning gjev liksom ikkje ut «dårlege» album. Men, likevel – det er noko traust med dei som gjer at eg ikkje får kjempelyst til å setja på albuma igjen etter 10-15 rundar i spelaren. Dei går fort i gløymeboka mi, og det er vel ikkje ein god ting?

Personleg så set eg albuma frå O.S.I (med unntak av Fire make thunder, som var ein gedigen nedtur) og Arch/Matheos ganske så mykje høgare enn dei 7 siste av Fates Warning. Eg kan ikkje svare på kvifor det er slik, men for meg er det mykje meir substans i låtmaterialet i ovannemnte prosjekt. Matheos er jo hovudlåtskrivaren i alle tre prosjekta, og siste Arch/Matheos-plata har jo til og med (nesten) identisk lineup med dagens Fates Warning. Kvifor er då låtmaterialet på «Sympathetic Resonance» det beste eg har høyrt frå Matheos sidan, ja… «Awaken the Guardian»?

Smaken er sjølvsagt som baken (delt i to) og vi alle har våre subjektive meiningar. Låtmaterialet på «Sympathetic Resonance» er allereie klassikarstempla i mi bok, uavhengig om Arch syng der eller ei. Låtmaterialet der er sterkt og det er ei plate eg set i spelaren rett som det er.
-Kanskje Matheos føler at han har noko friare tøyler når han ikkje lagar musikk til Fates Warning? Kanskje han blir meir inspirert av å jobbe med sideprosjekt? Kven veit…?

Konklusjonen er uansett at «Theories of Flight» er eit godt, men noko traust album. Ikkje nokon klassikar, men eit trygt og godt kjøp for fans av bandet og progressive metall generelt. Eg kan og nemne at stilmessig har dei teke eit lite steg mot stilen dei køyrde på «Parallells» og «Perfect Symmetry». Så då veit du det. Spring no, og kjøp «Theories of Flight»

Beste låtar: From the rooftops, Seven stars, The light and shade of things, The ghosts of home og Theories of flight.

Lenker:
Facebook

Om Bjarte (9 Artikler)
Høyrer på god musikk og er busett i Oslo.

Skriv en kommentar

Din email adresse vil ikke bli vist offentlig.


*